mandag 12. november 2012

Brygging 10. og 11. November 2012

Denne helga gjekk med til å bryggja jolaøl hjå far min. Det måtte føregå ute og det var meldt helst dårlig vær for helga.. Me reiste direkte ned på hytta og henta bryggeutstyret og kom seint opp om kvelden. Starta 07.00 om morgonen med forberedande rutiner, vasking og satt sprakalog til koking, so fekk me oss ein pause til å kunne nyta ein frukost og litt kaffi i mellomtida..

Etter å ha kokt sprakalog, so blir den kjøla ned til ca 70 grader og meska.Her er det far som meskar maltet i "flott" vær..


Litt utpå dagen, so blei været langt betre enn prognosane tilsa og det var faktisk mulig å kasta regnstøyet til fordel for litt lettare antrekk..

No er alt vørteren tappa av og me har skylla med kaldt vatn, for å få siste restane utav maltet, då må tønna tømmast og forberedast til å ha vørteren til gjæring, her er det far som tømmer utav mesken..

Fyll fyring og det er god lukt som brer seg i tunet til far..

So er det berre å venta på at ølet gjærar seg ferdig, me fekk satt i kveiken ca 22.30 på Laurdag kveld, og det står og putlar og går enno, kjem tilbake med litt bilder av oppskåka og korleis ølet er blitt..

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar