torsdag 28. april 2016

Brygging av ein dobbel IPA, 17.10.2015

So var det ein ny fin bryggedag. I dag vart det brygga ei øl som skulle bli ein dobbel IPA, men som i grunn blei litt for tam humlesnert i, så det vart vel ein slags Pale Ale. Styrken ble ikkje noko å bemerke, ABV å¨ca 8.3%

Og sjølvsagt må det ein humle skål til, når siste humla er helt inn i vørteren.




Fjerde og femte brygg, juleøl på gang 05.09 og 26.09-2015

Då var det tid for å brygge juleøl, brygga samme ølet både den 5. og den 26. September. Grunnen til at det blei 2 øl rett etterkverandre, var rett å slett ein uheldig hendelse i gjæringa på det første ølet. Eg brukte Sabrew T-58 gjær, og desverre blei gjæringstemperaturen litt høg, pga veldig flott vær og høg innetemperatur. Så første forsøk på julebrygget, blei prega av banan estere. Så samme helga som første ølet var ferdig, og prøvesmaka, så blei det hurtig brygga eit til.. Ein liten forandring på oppskrifta blei at eg brukte Safale US-05 gjær på det siste brygget, og litt betre kontroll på temperatur, så det blei eit veldig bra øl i grunn. Også dette ølet var sjølvkomponert oppskrift.


Her er meskinga i full gang, mørkt og fint på farge, takka væra Caramunich malt med 140-160 EBC og ein slump med Pale chokolate malt med 600 EBC.


Grei OG på vørteret første brygget havna på 1054 og siste på 1056, så ganske likt utbytte.


Her er juøleølet ferdig flaska, fylte siste resten på ein 1.8L Growler.


Her er første testen av ølet, du verden for eit skikkelig "Banos" øl, hehe. Eg må sei at banansmaken den tok rett å slett litt for mykje av oppmerksomheita. Men ingen tabber uten læring, så det var berre å kjøre på med nytt brygg, heldigvis vart den siste bra. :)

søndag 24. april 2016

Mitt 3. øl, bryggesett frå Maltbua med Belgisk Duppel 30.08.2015

Då var det brygging av mitt 3. brygg på Beer Brew 30. Denne gong blei det ein Belgisk Duppel, som var eit bryggesett som fulgte med bryggeriet.

Invisterte i 2 timere frå Biltema, så ein hadde muligheit for å ha kontroll på tidene som humla skulle oppi. I praksis så går det fint med 1, berre å nullstille den og kjøre på neste tid som skal tellast ned.


Her er der ferdig med meskinga, då står kokinga for tur.


Litt lekkasje i kranen på dunken eg kjøpte, men fekk ny etterpå.


Denne blei bra futt i, samt at eg hadde litt ekstra med væske i dette brygget, litt for mykje i ein sånn dunk, rundt 26 liter går fint.


Her ser ein kor mykje det blei i dunken, vel 27 liter.


Og her er min første generaltabbe i moderne bryggehistorie. Brukte ikkje hevert når eg skulle stikke om ølet før flasking. Dette førte til at eg fekk oksidering på ølet. Så dette ølet blei ikkje så veldig gammalt, det blei drukke ganske kjapt. Oksidering blir berre værre med lagring.


Her er flaskene frå brygginga.

tirsdag 19. april 2016

Min første eigenkomponerte IPA 27.06.2015

Etter å ha kikka litt på oppskrifter på diverse bryggeforum og grubla litt, så fant eg ut at eg måtte prøva meg til med eit brygg, som eg hadde satt sammen sjølv og bruke bryggeskjemaet mitt. Eg hadde både bitterhumle, smakshumle og tørrhumling, for å prøva å få meg ein god IPA. Og i tillegg so ville eg ha ein fin farge på den, så eg prøvde å få den litt raudlig med innslag av Melanonin malt. Det slo ikkje heilt til, ølet var ok, men litt tynt og helst litt snerpent øl, men det var verdt forsøket.


Her er det oppveging av humle, etter å ha laga ferdig bryggeskjemaet.


Sidan første brygget forårsaka veldig masse vassdamp, så fant eg ut eg ville prøva å få orden på det.


Brukte det eg hadde tilgjengeleg for å få riktig høgde. Desverre så gjorde dette at viftehuset vart fullt av vatn, som igjen rann ned på komfyren etterpå, så det blei med eit par forsøk på dette.


Når ein må ha lagringsplass til ølet, så må ein snekre litt reoler også.

mandag 18. april 2016

Mitt første mikrobrygg, med nytt utstyr 13.06.2015

Då er bloggen forandra, frå liten aktivitet og kvardags sysler, til å omfavna ei interesse som har blomstra meir opp siste året, nemleg ølbrygging med ein moderne vri.

Eg gjekk til innkjøp av eit Beer Brew 30 mikrobryggeri i Mai 2015, Dette gjorde eg fordi eg har i alle år likt å laga heimabrygg/Vossaøl på gamlemåten, og etter å ha brygga sjølvstendig på den måten sidan ca 1989, vart eg pirra av alt det gode nye ølet som kom på Vinmonopolet og i butikkhyllene siste åra. Det var spesielt etter å hatt litt kontakt med Evan Lewis på Ægir Bryggeri i Flåm, og var med som meddommar i 2 år på Øl og rakfisk konkurranse, at draumen gjekk i oppfyllelse, mitt eige mikrobryggeri på kjøkkenet vart ein realitet. Evan har også vore raus med både tips og triks, samt at eg også fekk eit eksemplar av boka "Øl brygging fra hand til munn " av han. Dette er ei bok med kjempegod innføring i alt frå historikk, råvarer, teknikkar og oppskrifter, nesten som bibelen å rekne for oss ølbryggarar. Vil retta ein stor takk til Evan for god drahjelp og inspirasjon

Eg var tenkt å starte opp bloggen igjen i fjor, når eventyret starta, men det blei med tanken, men det er ikkje alltid for seint å blåsa liv i gamle glør.

I lag med bryggeriet, fekk eg også inkludert 2 ølsett, som var ein IPA og ein Belgisk Duppel. Mitt første brygg vart IPA, den 13.06.2015



Her er bilde av manualen til bryggeriet, ølbibelen og eit bryggeskjema som eg laga.


Her er bryggeutstyret og ingrediensar til mitt fyrste mikrobrygg, strødd utover kjøkkengulvet.


Her er bryggeriet, Beer Brew 30, med isolasjonskappe rundt. Her er meskevatnet komt i gang.


Her er meskinga ferdig, då blir maltrøyret heva opp, og ein renn gjennom vatn på ca 78 grader etterpå. Dette kallar ein for skylling, då ein skal prøva å få med siste restane av det som er i maltet.


Her er måling av søtstoffet i vørteret, for å ha til å rekna ut alkohol. Ein måler før og etter gjæring, og brukar ein formel for å rekne dette ut etterpå.


Her er vørteret nettopp kokt opp, slik skal det kosa seg i 1 time.


Vørteren er kjølt ned, den er tappa over i gjæringskaret og tilsatt gjær. Her skal den stå å kosa seg i 14 dagar på ca 20 grader.


Her er måling etter gjæringa, utrekna havna dette ølet på ca 7.1 %


Slik ser det ut opp i gjæringskaret, når ølet er ferdig gjæra og gjæren synk til botnen.


So må flaskene vaskast og desinfiserast.


Her er det tapping på flasker, deretter blir flaskene lagra i 14 dagar i ca 20 graders romtemperatur. Etter det er ølet drikkeklart, men for dei fleste øltypar, er det ein fordel med litt ekstra lagring etterpå, på lavare temperatur. Eg har ein kjellar, med temperatur mellom 5-10 grader kor eg lagrar ølet.


Her er prøvesmaking på mitt første mikrobrygg, ahh dette gav meirsmak ja, skål.