mandag 18. april 2016

Mitt første mikrobrygg, med nytt utstyr 13.06.2015

Då er bloggen forandra, frå liten aktivitet og kvardags sysler, til å omfavna ei interesse som har blomstra meir opp siste året, nemleg ølbrygging med ein moderne vri.

Eg gjekk til innkjøp av eit Beer Brew 30 mikrobryggeri i Mai 2015, Dette gjorde eg fordi eg har i alle år likt å laga heimabrygg/Vossaøl på gamlemåten, og etter å ha brygga sjølvstendig på den måten sidan ca 1989, vart eg pirra av alt det gode nye ølet som kom på Vinmonopolet og i butikkhyllene siste åra. Det var spesielt etter å hatt litt kontakt med Evan Lewis på Ægir Bryggeri i Flåm, og var med som meddommar i 2 år på Øl og rakfisk konkurranse, at draumen gjekk i oppfyllelse, mitt eige mikrobryggeri på kjøkkenet vart ein realitet. Evan har også vore raus med både tips og triks, samt at eg også fekk eit eksemplar av boka "Øl brygging fra hand til munn " av han. Dette er ei bok med kjempegod innføring i alt frå historikk, råvarer, teknikkar og oppskrifter, nesten som bibelen å rekne for oss ølbryggarar. Vil retta ein stor takk til Evan for god drahjelp og inspirasjon

Eg var tenkt å starte opp bloggen igjen i fjor, når eventyret starta, men det blei med tanken, men det er ikkje alltid for seint å blåsa liv i gamle glør.

I lag med bryggeriet, fekk eg også inkludert 2 ølsett, som var ein IPA og ein Belgisk Duppel. Mitt første brygg vart IPA, den 13.06.2015



Her er bilde av manualen til bryggeriet, ølbibelen og eit bryggeskjema som eg laga.


Her er bryggeutstyret og ingrediensar til mitt fyrste mikrobrygg, strødd utover kjøkkengulvet.


Her er bryggeriet, Beer Brew 30, med isolasjonskappe rundt. Her er meskevatnet komt i gang.


Her er meskinga ferdig, då blir maltrøyret heva opp, og ein renn gjennom vatn på ca 78 grader etterpå. Dette kallar ein for skylling, då ein skal prøva å få med siste restane av det som er i maltet.


Her er måling av søtstoffet i vørteret, for å ha til å rekna ut alkohol. Ein måler før og etter gjæring, og brukar ein formel for å rekne dette ut etterpå.


Her er vørteret nettopp kokt opp, slik skal det kosa seg i 1 time.


Vørteren er kjølt ned, den er tappa over i gjæringskaret og tilsatt gjær. Her skal den stå å kosa seg i 14 dagar på ca 20 grader.


Her er måling etter gjæringa, utrekna havna dette ølet på ca 7.1 %


Slik ser det ut opp i gjæringskaret, når ølet er ferdig gjæra og gjæren synk til botnen.


So må flaskene vaskast og desinfiserast.


Her er det tapping på flasker, deretter blir flaskene lagra i 14 dagar i ca 20 graders romtemperatur. Etter det er ølet drikkeklart, men for dei fleste øltypar, er det ein fordel med litt ekstra lagring etterpå, på lavare temperatur. Eg har ein kjellar, med temperatur mellom 5-10 grader kor eg lagrar ølet.


Her er prøvesmaking på mitt første mikrobrygg, ahh dette gav meirsmak ja, skål.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar